Alle innlegg av admin

Søndagssamling 13. januar

kjetil

Velkommen til søndagssamling søndag 13.1 kl 11.00
Me vil starta året med ein visjon «ta søndagen tilbake». Me har det travelt, og det er noko omtrent kvar dag. Bruk søndagen til å tjena Herren! I vår vil me legga særskilt vekt på det «å ta søndagen tilbake» til Gud og tilbake til Salem. Flott om du kjenner at du vil vera med oss på søndag. Inviter gjerne med deg ein nabo eller ein venn.
Året blir starta med eit spennande tema: «Digital disippel». Det er ein andakt som passar for alle; ungdom, vaksen og dei som er endå vaksnare. Andakten set søkelys på blant anna kor lett det er å la dei digitale «duppedingsane» våre, ta fullstendig overhånd. Kom og lytt til Kjetil, som garantert kjem til å gi deg eit råd og to, om å finna tid til meiningsfull aktivitet når du likevel er «digital».
Bokhandelen Sunnbok kjem for å ha stand i foajeen på sundag. Du vil heilt sikker finna noko der som fell i smak. Ta med deg VISA-kortet og kjøp ei bok denne dagen. På den måten støttar du opp om det viktige arbeidet ein kristen bokhandel gjer i lokalområdet vårt.

Velkommen til søndagssamling – velkommen til SALEM

Søndagssamling/julesong

johnnes

Sundag 16. desember kl. 11:00 er det søndagssamling for heile familien.

Johannes Olsen skal ha andakt.

Det vert allsong med lovsongsteamet og solosong.
Nokre born vil framføre julesongar dei har øvd på.

NB! Det er ikkje søndagsskule denne søndagen.

Alle er velkomne!

Haustmesse Salem

haustmesse

Laurdag 10 november

11:00 Dørene opnar:
– Sal av produkt i foajéen
– Aktivitetar for born i kjellaren – til 11:30

11:30 Velkomst, orientering om dagen
– Møtedel (alle blir samla oppe – pause i kjellaren og i foajeen)

12:15 Sal av varmmat i møtesalen og foajeen
12:30 Aktivitetar for born i kjellaren – til 13:00
13:00 Åresal barn – Sal av kaker og kaffi i foajeen
13:15 Trekking av årar – Barn
13:30 1.Åresal vaksne / Aktivitetar i kjellaren
13:45 Trekking av årar – Vaksne
14:00 Auksjon av produkt og kaker
14.30 Loddbok sal slutt
14:45 2.Åresal vaksne / Godteposar frå HalloVenn i foajéen/Loppemarknad
15:00 Trekking av årar – Vaksne
15:30 Hovudtrekking – Alle samla oppe
– Fenalår og snopeglas
– Barnebok
– Hovudbok
16:00 Takk til alle, vel heim.

Velkommen!

Herrenes Aften 2018

HerrenesAften

Herrenes Aften – fredag 30. november kl.19:00 i Salem.

Gjester: Hartvig Waage og Sigmund Hansen
Kåseri: «Gamle gubbar syklar Norge på langs – og på tvers»
Song/Musikk: Roy Kristoffer Bærøy, Håkon Tolaas og Per Harald Gjerde
Pinnekjøt og Desserbord.
Pris kr.400,-

Påmelding:
Toralf Steinsland, tlf. 905 58 221,
e-mail: toralfsteinsland@hotmail.com

Haustmøte og søndagsskule

Erik_Furnes1

Haustmøte sundag 30. september kl. 11:00 i Salem

Lovsongsteamet er med.
Tale ved Erik Furnes.

Søndagsskule kl. 11:30
Me deler borna i tre grupper:
Under skulealder
1. – 4. klasse
5. klasse og oppover

V E L K O M M E N

Søndagssamling 2. sept

skapt_til_tjene

Søndagssamling 2. september kl. 11:00 i Salem

Bjørg Borgemyr leder søndagssamlingen og Jone taler over tema: «Skapt til å tjene».
Lovsongsteamet er med på allsongen.
Søndagsskule kl. 11:30.

Velkommen!

Song og delemøte

IMG_0196

Song- og delemøte søndag 17. juni kl. 19:00 i Salem

Her er lovsongsteamet som blir med og bilete er frå kveldens øving.

Kristine Borgemyr skal lede denne kvelden.

Kanskje du har noko du vil dele?

Eller kanskje du har lyst å komma og få litt påfyll?

Alle er velkommne!