Søndagssamling 13. januar

kjetil

Velkommen til søndagssamling søndag 13.1 kl 11.00
Me vil starta året med ein visjon «ta søndagen tilbake». Me har det travelt, og det er noko omtrent kvar dag. Bruk søndagen til å tjena Herren! I vår vil me legga særskilt vekt på det «å ta søndagen tilbake» til Gud og tilbake til Salem. Flott om du kjenner at du vil vera med oss på søndag. Inviter gjerne med deg ein nabo eller ein venn.
Året blir starta med eit spennande tema: «Digital disippel». Det er ein andakt som passar for alle; ungdom, vaksen og dei som er endå vaksnare. Andakten set søkelys på blant anna kor lett det er å la dei digitale «duppedingsane» våre, ta fullstendig overhånd. Kom og lytt til Kjetil, som garantert kjem til å gi deg eit råd og to, om å finna tid til meiningsfull aktivitet når du likevel er «digital».
Bokhandelen Sunnbok kjem for å ha stand i foajeen på sundag. Du vil heilt sikker finna noko der som fell i smak. Ta med deg VISA-kortet og kjøp ei bok denne dagen. På den måten støttar du opp om det viktige arbeidet ein kristen bokhandel gjer i lokalområdet vårt.

Velkommen til søndagssamling – velkommen til SALEM