Møtehelg i Salem Moster

Salem Moster arrangerte møtehelg den 5. – 7. april der informasjonsleiar i NLM, Espen Ottoson, var talar.

Hovudtema fredag var eit misjonsforedrag der han viste at misjonsoppdraget i mange land i verda er fullført sjølv om det er mykje ugjort. Laurdagen var sett av til to bibeltimar der bibelen sin autoritet som fundament for den kristne kyrkja og for den einskilde sitt kristenliv var i fokus. Møtehelga vart avslutta med tale over sundagens preiketekst. Det var gledeleg med god oppslutnad på møta både frå eiga forsamling og frå nabobygder. I alt var nok over 400 innom eit eller fleire av møta.

I misjonsforedraget understreka Ottosen sterkt at kyrkja sitt oppdrag om å drive misjon, i mange land i verda er fullført. Han nemnde Etiopia som eit døme der den nasjonale kyrkja no har 9 millionar medlemmer. Også i Kina har det vore ein utruleg vekst. Kanskje de no er over 100 millionar kristne der.

Men Ottosen understreka også at det enno er mange i verda som høyrer til dei som på engelsk vert kalla no-choice people, det vil seie dei som ikkje har høyrt evangeliet og difor ikkje har nokon moglegheit til å seie ja kristen tru. Dei har ein annan situasjon en mange i Norge som ikkje trur. Her har dei fleste høyrt evangeliet, men valt å ikkje ta imot. Det skal vere om lag 16900 folkeslag i verda, og av desse høyrer om lag 6900 til dei unådde der mindre enn 2 prosent høyrer til ei kristen kyrkje.

På ein varm og solrik laurdag var om lag 70 samla til bibeltimar om bibelen. Sentralt stod spørsmålet om bibelen sin autoritet. Ottosen understreka at dei første kristne sjølv tok det for gitt at bibelen var Guds Ord. I vår tid er tilliten til bibelen svekka. Mange seier at vi ikkje kan vite kva bibelen eigentleg seier. Dei kristne er usamde om mange spørsmål, og bibelen blir tolka ulikt. Sjølv om det er utfordringar, meinte Ottosen at det ikkje alltid er ulike tolkingar som skaper ulike syn. Det er fleire døme på at bibelen er klar, men likevel vel teologar av ulike grunner å sjå bort frå det som står klart i bibelen. Mot slutten fekk me høyre om korleis ein del forsamlingar no legg vekt på å lese bibelen høgt i samanheng. Dette kan gje større forståing for bibelen sin bodskap enn å ta ut einskilde vers.

Mellom bibeltimane var det pause med kaffi og bollar, og drøsen gjekk godt mellom dei frammøtte. Barna hadde eigne opplegg denne dagen.