Takk for dugnaden!

IMG_2046

Takk for dugnaden!

Vi inviterte til vaskedugnad i Salem 3. og 4. mai, og på laurdag ettermiddag fikk eg telefon frå ei oppglødd dame, Audny. – De må takke for innsatsen, sa ho. Det er no gjort veldig mykje både inne og ute. Alle stolane er vaska, golv er skurte og bona, kjøkenskap og skuffar er reingjorde og mykje meir innadørs. Ute har ein gjeng kosta, vaska vindauge, rydda og fiksa mange ting. Og over all forventning: Tre utevegger har fått nytt strøk med maling! Igjen, de som har vore med på dette, fortener ein stor og varm takk frå styret.

Men dugnad er ikkje effektiv utan god tilrettelegging og planlegging. Derfor må vi seie ein velfortent takk til Audny for framifrå leiing av arbeidet innadørs og til Geir Peder som ifølge Audny hadde «stålkontroll» ute.

På vegne av styret
Arne Borgemyr