Helsing

Kjærleik til våre medmennesker

Eit nytt semester står for døra. Kanskje er du den som kjem ofte i Salem, kanskje er du den som kjem av og til – enten det er på eit vanleg møte eller eit større arrangement, eller kanskje har du aldri vore innom Salem?
Salem ynskjer å vere ein forsamling der ein møter menneske der dei er i livet, ved tru og ved tvil. Me ynskjer å skapa varme og inkluderande fellesskap der forkynning av Jesus står sentralt. Han gav sitt liv for alle menneske – deg òg!

Håpar du som les dette kjem på Salem i løpet av året. Me har forventningar til kva Gud kan gjere med bygda vår og kvart enkelt hjarte.

Du er hjarteleg velkommen.

Helsing frå
Styret