Velsigna påske!

Ashampoo_Snap_tirsdag 7. april 2020_12h34m39s_001_

Styret for Salem vil ønskje alle Salem-venner ei velsigna og fredfull påske. I påska får me på ny eit særleg høve til å minnast den største og viktigaste hendinga i historia for oss menneske:
Det var Gud som i Kristus forsona verda med seg, så han ikkje tilreknar dei misgjerningane deira, og han tiltrudde oss ordet om forsoninga. (2. Kor. 5,19-20).
Det var på korset Jesus forsona verda med Gud. På Langfredag i påskehøgtida for snart 2000 år sidan. Då ropa Jesus ut: «Det er fullført!» Vi skjøner bare stykkevis, men eitt veit me: Alle som tar imot bodskapen om Jesu død og oppstode, får rett til å kalla seg Guds barn og får del i løftet om evig liv og frelse.

Så kjenner vi det så godt: Jesus vart ikkje verande i grava. Han stod opp den tredje dagen, første påskedag. Han lever i dag. Difor er påska ei festhøgtid for alle truande: Jesus sigra og vann over alle onde makter i verda. Difor kan vi synge: «Jeg har vunnet, Jesus vant». Finn og fram songen og stem i: «Han er oppstanden, halleluja». Eller høyr han på nettet, f.eks. her: Han er oppstanden, halleluja

I 2. Kor. 4,14-15 skriv Paulus at Gud, som reiste opp Jesus, òg skal reisa opp oss! For vi veit at han som reiste opp Herren Jesus, han skal òg reisa oss opp med Jesus og føra oss fram saman med dykk. 15 Men alt dette hender for dykkar skuld, så nåden skal bli stor og få takkseiinga til å stiga opp frå fleire og fleire – til Guds ære.

Ashampoo_Snap_tirsdag 7. april 2020_12h46m30s_003_

Forsamlingsleiar

bjarne

Bjarne Notland blir forsamlingsleiar i Salem.

Endeleg kan styret dele den gledelege nyheita med dykk at Bjarne Notland går inn i stillinga som forsamlingsleiar i Salem frå 01.08.2020 i halv stilling. De kjenner Bjarne som sjølv er valt inn i styret. Det var utenkt både for han og styret i fjor haust at Bjarne skulle søke stillinga. Men på disippelskole i Hawaii og i misjonærteneste i USA nokre månader, vaks det fram ei overtyding hos han og familien om å søke stillinga.

Første året har vi avtalt 50% stilling. Bjarne har avklart at han kan halde fram i halv stilling i firmaet han no er tilsett i. Tilsetjingsutvalet har hatt fleire samtalar med Bjarne om praktiske ordningar i samband med stillinga. Vi har møtt ein person som kjenner eit kall til å tene i Guds rike i ei slik stilling, og han er ivrig etter å kome i gang med viktige oppgåver. Styret vil som arbeidsgjevar vere i jamleg nært samarbeid. I utlysinga av stillinga var følgjande tre område framheva som viktige: Forkynning og opplæring, forsamlingsbygging og ungdomsarbeid. Bjarne skal prioritere tid til dette.

Men sjølv om Bjarne skal delta på møter med tale og andaktar, skal han ikkje først og fremst vere forkynnar. Salem vil halde fram vår praksis med å nytte forkynnar frå organisasjonar og andre samanhengar. Tilsetjingsutvalet og Bjarne har eit felles mål om styrke dei verdiane styret har framheva: Bibelen og forkynninga, fellesskapet, trua og misjon. I dette ligg og utfordringar med å bygge ei forsamling som tar vare på og utfordrar barna og dei unge. Vidare må vi bevisstgjere kvarandre til å nå ut til nye menneske i nærmiljøet og i andre land med evangeliet. Hausten 2020 hadde vi Bønn som overordna tema i Salem, og i vår har vi hatt tema om Guds Ord. Til hausten har styret fastsett at vi skal fokusere på Fellesskapet.

Vi vil kome tilbake med fleire detaljar etter kvart. No ønskjer vi å oppfordre dykk til å be for Bjarne og familien.

Familiemøte

familiemøte

Familiemøte sundag 23. februar i Salem.

Familien Notland er nettopp komne heim frå DTS (Youth with a Mission Disippel-Trenings-Skole). Dei blir med på møtet med både song og musikk, samt dei vil dele opplevelser frå opphaldet. Andakt ved Lise Marie Litlabø. Ingeborg Anglevik syng og Elisabeth Solås spelar piano. Det er ikkje sundagsskule, alle er samla oppe. Etterpå serveres fastelavensboller.

Alle er velkomne 🙂

Bibelhelg, disposisjonar med bibeltilvisingar

Søvik-Oddvar

Helga 7. – 9. februar hadde Salem Moster besøk av Oddvar Søvik. Han er pensjonist, men reiser enno som forkynnar over heile landet.

I fire bibeltimar talte Oddvar Søvik ut frå Apostelgjerningane kap. 2,42 som skildrar korleis dei første kristne heldt seg trufast til læra frå apostlane, til fellesskapet, brødsbrytinga og bønene.

Her kan du finne talaren sine disposisjonar med bibeltilvisingar for alle 4 timane:

Trofast holdt de seg til fellesskapet

Trofast holdt de seg til bønnene

Trofast holdt de seg til brødsbrytelsen

Trofast holdt de seg til apostlenes lære

Alle i eit dokument

Bibelhelg i Salem

Søvik-Oddvar

Helga 7. – 9. februar får Salem Moster besøk av Oddvar Søvik. Han er nå pensjonist, men reiser enno som forkynnar over heile landet. Han har hatt ei rad ulike oppgåver gjennom livet og er ein skatta forkynnar. Han har vore pastor i fleire frikyrkjer, områdeleiar i Normisjon i Agder, skolelagsprest m.m. Han har og skreve fleire bøker. Mange vil og kjenne han som reiseleiar i Pluss-reiser.

I fire bibeltimar vil Oddvar Søvik gå igjennom Apostelgjerningane kap. 2,42 som skildrar korleis dei første kristne heldt seg trufast til læra frå apostlane, til fellesskapet, brødsbrytinga og bønene. Det blir samling fredag kveld, to bibeltimar laurdag ettermiddag og søndagssamling kl. 11.

Me håper mange frå forsamlinga og bygdene omkring vil nytte høvet til å få høyre den erfarne predikanten. Tema for helga: Ap.gj. 2,42: «De holdt seg trofast til..».

Dette er møteplanen:
Fred. kl. 19:30 Møte. Tema: «Apostlenes lære»
Lørd. kl. 15.30 Bibeltime: «Fellesskapet»
kl. 16:30 Kaffipause
kl. 17:00 Bibeltime: «Brødsbrytelsen»
kl. 20:30 AKTIV
Sønd. kl. 11:00 Søndagssamling. Tema: «Bønnene»
kl 11.30 Søndagsskule

Øklands Julekonsert

oklands

Øklands Julekonsert i Salem torsdag 12. desember kl. 19:30.

For 8. året på rad inviterer Øklands til julekonsert. Øklands har også i år har satt sammen et stemningsfylt repertoar, med vekt på gode norske sanger knyttet til julehøytiden. De er svært opptatt av formidling og god kontakt med publikum. Deres familiære kontakt og samhold merkes fra scenen, og dette gir deres framføring en ekstra dimensjon.

Årets gjest er i år – som i fjor – Morfar, Leif Økland (94). Med sin unike fortellerevne, gir han oss flere nye refleksjoner rundt julen da han var liten, julen under krigen og julen i dag.

Kjøp billetter i døra eller på førehand her: billetter

North South Partnership AID

Ashampoo_Snap_mandag 18. november 2019_12h07m41s_002_

NSP AID ble opprettet i 2010 av aksjonærer i investeringsselskapet North-South Partnership AS. NSP AS, planlegger gjennom et datterselskap i Kenya å bygge oppdrettsanlegg for Tilapia-fisk.

NSP AID bygger og støtter barnehjem,barnehager og skoler i Etiopia og Kenya. Vi støtter også en lokal organisasjon i Kenya Malaika Childcare Villages (MCV) som skal bygge opp en barne landsby. I tillegg støttes flere lokale organisasjoner – tilknyttet den lutherske kirken, og andre organisasjoner – med samme visjon.

Organisasjonen er liten, men effektiv. Om lag 1200 barn og unge i Kenya og Etiopia får mat, husly og skolegang gjennom midler samlet inn av NSP Aid. I styret for NSP Aid sitter Odd Kjell Sjøvik (formann), Leif Kjetil Gjendemsjø (nestformann), Iselin Gjendemsjø, Gunhild Sjøvik, Jakob Blom og Leif Hofset.

https://www.nsp-aid.com/
https://www.facebook.com/northsouthpartnershipaid/

Ashampoo_Snap_mandag 18. november 2019_12h08m48s_004_

Herrenes Aften

tesaker2

Fredag 6. desember kl. 19:00 i Salem

Erik Alfred Tesaker frå NRK serien Oppfinnaren
Pinnakjøt og dessertbord
Husband

Pris kr 450,-

Påmelding
905 58 221 – Toralf Steinsland
993 24 065 – Nils Otto Espeland
Frist 28. november

Erik Alfreds skråblikk på livet, hans kreative og lekne tilnærming og entusiastiske formidling gir ny innsikt samtidig som det er underholdende og grenseoverskridende, alltid med alvoret på lur.

«Jeg ønsker å inspirere til å være herre over eget liv. Gå dine egne veier». Her kan du få et lite innblikk i hans univers: https://tv.nrk.no/serie/oppfinneren/sesong/3/episode/1