Aktiv

Så og seie annankvar laurdag kl 20.30 det Aktiv i Salem. Dette er eit tilbod til deg som går i 8.kl og oppover.

Hovudmålet med Aktiv er at du som ungdom skal bli kjend med Jesus. I tillegg ynskjer me å lage eit trygt, kjekt og inkluderande ungdomsmiljø på Moster.

Programmet på Aktiv er variert. Stort sett møtast me i Salem, men av og til vil me vera i gymsalen på Moster skule. Me vil også ta turen til td Bowlinghallen på Stord, kino på Bremnes el. Ca 1 x pr mnd vil me arrangera Superaktiv. Då inviterast også andre ungdomslag på Bømlo med. Me deltar også på Ungkonf i Sion, Pit Stop på Stord samt Ung Messe i kyrka. Nyttårsafta har me Nyttårsfest!
Det er alltid kiosk på Aktiv, av og til pizza, pølser, is ol.

Leiarar på Aktiv: Ove Johan Borgemyr, Jone Røksund, Ingvill Røksund, Aksel Lygre, Bjarte Stølen, Solfrid J Hjelland, Vermund Hjelland, Bjarne Notland, Eva Karin Schmidt, Frank Schmidt
Koordinator for Aktiv: Jone Røksund