Myldredag

Facebook

MYLDREDAG VÅR 2018
Middag 16.30. Småsang og myldregrupper: 17.00-18.00

Myldremat
For dei med travel kvardag kan de få sleppe å lage middag på onsdagane det er myldredag. Eit mat-team har møtt opp og laga middag til dei som ønskjer. Heile familien kan spise før man går til småsang eller myldreaktivitet. Middag koster 25 kr per person eller max 100 kr per familie.

Fellesandakt
Småsong starter opp kl 17.00 nede i kjelleren. For dei som skal på myldreaktivitet startar dette med ei fellesandakt inne i møtesalen. Her er litt info og andakt i 5 minuttar før ein går til myldraktivitet. Første samling per semester er eit påmeldingsmøte (gjeld ikkje småsang) og ikkje myldreaktivitet. Her er info om semesterets aktivitetar – desse kan variere frå semester til semester. Når du har meldt deg på følgjer du denne aktiviteten kvar gong i heile semester. Endelege grupper blir lest opp 14.2.

Påmelding vår 2018

kaffe
Myldrekaffe
Dei vaksne treng på ingen måte stresse heim for deretter å returne ein liten time seinare for å henta borna. I hallen serverast det kaffi og det er koseleg at mange vaksne vel å samla seg her medan borna myldrar i resten av Salem. Me oppfordrar imidlertidig alle foreldre til å delta på fellesandakten kl 17:00 i møtesalen.

ukraina
Ukrainaprosjektet
Myldredag er med og støtter arbeidet blandt fattig barn i Ukraina. Myldredag har sitt eige fadderbarn! I tillegg støtter med ein leirstad for barn i Ukraina.

Myldrebasar
Myldredag samarbeider med Bedehusforeninga for å arrangere basaren. Sett av 14.mars. Det blir andakt, kaffi/kaker og sjølvsagt utlodning. Alle er velkomne! Ta med heile familien. Inntekta går til vårt eige bedehus.

halloVenn
HalloVenn
Salem har meldt seg inn i, og blitt ein del av, HalloVenn familien i Norge. Tema er ”Gode Venner”, og visjonen til HalloVenn er ”Sammen gjør vi Norge til et bedre sted å leve”. Dette er eit gigantisk kostymeparty der ein kan koma og gjere kjekke aktivitetar. Ved inngangen får alle barna ein godtepose, og ved å delta på aktivitetane får dei snop til å eta eller putta i posen. HalloVenn ynskjer å vera ei motvekt til alt det skumle som Halloween fokuserer på, dette på tvers av kultur og religion. Motto: «Det du vil at andre skal gjere mot deg, det skal du gjere mot andre». Her er pølsekiosk for barna og foreldrekafé. HalloVenn er alltid 31.10.

Kontingent
Kontingenten vil bli samla inn i haustsemesteret. For å få frifondmidlar til å kunne drive arbeidet vårt, så oppfordrer me alle i myldredag til å betale medlemskontingent på kr 50,- pr år.

smasong
Småsong Mini
Leiarar: Lene Gjerde, Elisabeth Jacobsen
Aldersgrense: 0-3 år
Stad: Ungdomssalen
Her syng me barnesongar, lærar rim og reglar og høyrer bibelforteljingar. Til slutt har me leikestund.

Småsong Maxi
Leiarar: Kjersti Alme, Birgit Pedersen og Berit Fauskanger
Aldersgrense: 4-6 år
Stad: Barnerommet
Her syng me barnesongar, lærar rim og reglar og høyrer bibelforteljingar. Til slutt har me leikestund.

myldreblink
NY! Myldreblink
Leiar: Christian Kallevåg Bjerke m.fl
Aldersgrense: 4.-6.klasse
Sted: Ute
Her kan du få teste ut kor treffsikker du er. Pil og bue, luftgevær, dart mm.

myldresang
NY! Myldresang
Leiar: Emma Johannessen Tolås
Aldersgrense: 1.-4.klasse
Sted: Møtesalen
Her kan du få synge i ei sanggruppe og opptre på myldrebasar og sommeravslutninga.

idrett
Myldreidrett
Leiarar: Elisabeth Esperø, Oddgeir Esperø, Elin Gjerde, Rune Sivertsen
Aldersgrense: 1.-6. klasse
Stad: Ute i Ballbingen til skulen/skuleplassen.
Me er alltid ute, så ha egna klede. Hugs refleksvest! Me prøver ulike sportsaktiviteter.

hobby
Myldrehobby
Leiarar: Merete Solås, Veronica Gjerde, Unni Møgster, Mari Sivertsen
Aldersgrense: 1.-6. klasse
Stad: Matsalen oppe
Det blir mange kjekke hobbyaktivitetar av ulike slag. Dersom mange ønsker å vera med, vil det bli delt inn i aldersgrupper.

sprell
Myldresprell
Leiarar: Solveig Stølen Solås, Chimwemwe Aase, Hilde Hopsdal
Aldersgrense: 1.-3.klasse
Stad: Ute, nedre parkeringsplass
Uteleiker og aktivitetar av alle slag! Masse leik og moro!

bil
Myldrebil
Leiarar: Jakob Vedøy, Bjørn Roar Kippersund
Aldersgrense: 4.-6.klasse
Stad: Ute og inne. Ha alltid klær til å kunne være ute.
Under kyndig leiing av bilmekanikar skal det mekkast og køyres på radiobilar. Gøy!

dans
Myldredans
Leiar: Marita Steinsland og Emma Hilt Stoknes
Aldersgrense: 1.-3. klasse
Sted: Buldrerommet.
Dans er gøy! Opptreden på myldrebasar og sommeravslutninga.

aktiv
PreAktiv
Leiar: Gerd Turid Røksund m.fl
Aldersgrense: 6. klasse (dei som ønskjer), 7.klasse og oppover.
Sted: Stillerommet, ute
Dette er ei gruppe for å samle dei største i «tweens-gruppa». Neste skritt i barne- og ungdomsarbeidet er Aktiv som er på laurdagskveldane. Prinsippet for PreAktiv blir omvendt fra tradisjonell myldredag. Her melder ein seg ikkje på ein aktivitet, men er automatisk med pga alder. Her vil vere ulike aktivitetar gjennom hausten.

Myldredagskoordinator: Silje Kathrine Alvsvåg