Info

Salem på Facebook
Facebook

SØNDAGSSAMLING OG SØNDAGSSKULE
SØNDAGSSAMLING – 2 søndagar i månaden er det søndagssamling på Salem klokka 11:00. Då samlast først små og store til felles møte. Klokka 11:30 er det søndagsskule for borna i kjellaren. Samtidig fortset møtet oppe med program tilrettelagt for dei vaksne. Ein gong i månaden vert det «tur i det fri» etter Søndagssamling. Slik kan både store og små få vera sosiale og få ein porsjon mosjon – «Ei sunn sjel i ein sunn lekam» – alltid kjekt! – husk turkléde og ei lita niste.

SØNDAGSMØTER og ANDRE MØTER
Dei andre søndagane er det anten kvelds- møte på Salem (19:00), gudsteneste i Kyrkja, eller begge deler. I tillegg er det av og til møter på andre vekedagar.

Ettermiddagstreff
Dette er eit uformelt samvær, der me legg vekt på både det sosiale og åndelege. Det er kaffi, kaker og tid til ein god drøs. Det er song, andakt og utlodding. Me er opptatt av at det skal vera ope og inkluderande for alle. To gonger i semesteret samlast me frå kl.16:30 og utover ettermiddagen.

AKTIV – ungdomslag
Facebook

Aktiv er ungdomslaget i Salem, som samlast i kjellaren i Salem annakvar laurdag kl.20:30. Her kan du som går i 8.klasse og oppover komma. Du kan gå her så lenge du vil. Her kan du møta vennene dine og kanskje og verta kjent med nokre nye. Du får og sjansen til å bli kjent med Jesus. Det er vanlegvis ein møtedel med andakt og song. Så har me ulike leikar og mange spel som ein kan spela. Av og til ser me film. Me har sjølvsagt og kiosk.
Hjarteleg velkommen!

BIBELGRUPPER
Det er fleire bibelgrupper med utspring frå Salem. Å samlast i bibelgrupper er ein fin måte å få dela både bibeltekstar, kvardagslege erfaringar, bønetema og ein kaffikopp, alt dette på ein liten og «oversiktleg» arena. Mange har og har hatt stor glede og nytte av å vera med i ei bibelgruppe. Dersom du er interessert i å delta i ei bibelgruppe, ta kontakt med oss i Styret. Det er alltid plass til fleire i gruppene, og vert dei for store er det erre kjekt om dei må delast opp i fleire grupper 🙂