Månadsarkiv: februar 2020

Familiemøte

familiemøte

Familiemøte sundag 23. februar i Salem.

Familien Notland er nettopp komne heim frå DTS (Youth with a Mission Disippel-Trenings-Skole). Dei blir med på møtet med både song og musikk, samt dei vil dele opplevelser frå opphaldet. Andakt ved Lise Marie Litlabø. Ingeborg Anglevik syng og Elisabeth Solås spelar piano. Det er ikkje sundagsskule, alle er samla oppe. Etterpå serveres fastelavensboller.

Alle er velkomne 🙂

Bibelhelg, disposisjonar med bibeltilvisingar

Søvik-Oddvar

Helga 7. – 9. februar hadde Salem Moster besøk av Oddvar Søvik. Han er pensjonist, men reiser enno som forkynnar over heile landet.

I fire bibeltimar talte Oddvar Søvik ut frå Apostelgjerningane kap. 2,42 som skildrar korleis dei første kristne heldt seg trufast til læra frå apostlane, til fellesskapet, brødsbrytinga og bønene.

Her kan du finne talaren sine disposisjonar med bibeltilvisingar for alle 4 timane:

Trofast holdt de seg til fellesskapet

Trofast holdt de seg til bønnene

Trofast holdt de seg til brødsbrytelsen

Trofast holdt de seg til apostlenes lære

Alle i eit dokument