Månadsarkiv: april 2020

Velsigna påske!

Ashampoo_Snap_tirsdag 7. april 2020_12h34m39s_001_

Styret for Salem vil ønskje alle Salem-venner ei velsigna og fredfull påske. I påska får me på ny eit særleg høve til å minnast den største og viktigaste hendinga i historia for oss menneske:
Det var Gud som i Kristus forsona verda med seg, så han ikkje tilreknar dei misgjerningane deira, og han tiltrudde oss ordet om forsoninga. (2. Kor. 5,19-20).
Det var på korset Jesus forsona verda med Gud. På Langfredag i påskehøgtida for snart 2000 år sidan. Då ropa Jesus ut: «Det er fullført!» Vi skjøner bare stykkevis, men eitt veit me: Alle som tar imot bodskapen om Jesu død og oppstode, får rett til å kalla seg Guds barn og får del i løftet om evig liv og frelse.

Så kjenner vi det så godt: Jesus vart ikkje verande i grava. Han stod opp den tredje dagen, første påskedag. Han lever i dag. Difor er påska ei festhøgtid for alle truande: Jesus sigra og vann over alle onde makter i verda. Difor kan vi synge: «Jeg har vunnet, Jesus vant». Finn og fram songen og stem i: «Han er oppstanden, halleluja». Eller høyr han på nettet, f.eks. her: Han er oppstanden, halleluja

I 2. Kor. 4,14-15 skriv Paulus at Gud, som reiste opp Jesus, òg skal reisa opp oss! For vi veit at han som reiste opp Herren Jesus, han skal òg reisa oss opp med Jesus og føra oss fram saman med dykk. 15 Men alt dette hender for dykkar skuld, så nåden skal bli stor og få takkseiinga til å stiga opp frå fleire og fleire – til Guds ære.

Ashampoo_Snap_tirsdag 7. april 2020_12h46m30s_003_

Forsamlingsleiar

bjarne

Bjarne Notland blir forsamlingsleiar i Salem.

Endeleg kan styret dele den gledelege nyheita med dykk at Bjarne Notland går inn i stillinga som forsamlingsleiar i Salem frå 01.08.2020 i halv stilling. De kjenner Bjarne som sjølv er valt inn i styret. Det var utenkt både for han og styret i fjor haust at Bjarne skulle søke stillinga. Men på disippelskole i Hawaii og i misjonærteneste i USA nokre månader, vaks det fram ei overtyding hos han og familien om å søke stillinga.

Første året har vi avtalt 50% stilling. Bjarne har avklart at han kan halde fram i halv stilling i firmaet han no er tilsett i. Tilsetjingsutvalet har hatt fleire samtalar med Bjarne om praktiske ordningar i samband med stillinga. Vi har møtt ein person som kjenner eit kall til å tene i Guds rike i ei slik stilling, og han er ivrig etter å kome i gang med viktige oppgåver. Styret vil som arbeidsgjevar vere i jamleg nært samarbeid. I utlysinga av stillinga var følgjande tre område framheva som viktige: Forkynning og opplæring, forsamlingsbygging og ungdomsarbeid. Bjarne skal prioritere tid til dette.

Men sjølv om Bjarne skal delta på møter med tale og andaktar, skal han ikkje først og fremst vere forkynnar. Salem vil halde fram vår praksis med å nytte forkynnar frå organisasjonar og andre samanhengar. Tilsetjingsutvalet og Bjarne har eit felles mål om styrke dei verdiane styret har framheva: Bibelen og forkynninga, fellesskapet, trua og misjon. I dette ligg og utfordringar med å bygge ei forsamling som tar vare på og utfordrar barna og dei unge. Vidare må vi bevisstgjere kvarandre til å nå ut til nye menneske i nærmiljøet og i andre land med evangeliet. Hausten 2020 hadde vi Bønn som overordna tema i Salem, og i vår har vi hatt tema om Guds Ord. Til hausten har styret fastsett at vi skal fokusere på Fellesskapet.

Vi vil kome tilbake med fleire detaljar etter kvart. No ønskjer vi å oppfordre dykk til å be for Bjarne og familien.