Verdiar

salem_verdi

Salem sitt verdigrunnlag

Kvifor driv me Salem, og kva verdiar ligg til grunn for alt me gjer? Det heilt overordna svaret finn me i Bibelen og har denne overskrifta:

Alle menneske er verdifulle og elska av Gud.

« Men Gud viser sin kjærleik til oss ved at Kristus døydde for oss medan vi endå var syndarar». Rom. 5,8.

I 1. Mos 1,27 les vi: Og Gud skapte mennesket i sitt bilete, i Guds bilete skapte han det. Mennesket er skapt i Guds bilete, og Han elskar kvart menneske med ein evig kjærleik. Men mennesket fall frå Gud og vart tapt for Guds rike. Då måtte Gud i sin kjærleik gripe inn og frelse dei som var komne bort. Det gjorde han ved å sende Sonen, Jesus Kristus for å døy og sone verda si synd. Slik viste Gud sin uendelege kjærleik til menneska. Alle menneske kan difor kome tilbake til Gud ved å vedkjenne sine synder og ta imot hans gode evangelium. Det er viktig at alle menneske får høyre den gode bodskapen om Guds kjærleik og nåde.

Me som har fått ta imot Guds kjærleik og frelse, vil bygge fellesskap på desse verdiane som følgjer av Guds frelsesplan.

Guds Ord – vårt læregrunnlag
Bibelen ligg til grunn for lære og kristent liv. Her finn me Guds openberring av kven Han er og kva som er hans vilje. Sjå Johs. Ev. 7,16: Jesus svara: «Mi lære er ikkje mi; ho er frå han som sende meg.» Det er her me får kjennskap til Guds kjærleik og kva verdi me har for Gud. Me vil vere tru mot Bibelen og den forståinga av Ordet som me finn i den lutherske vedkjenninga.

Viktige sider ved læra: tydeleg, bibeltruskap, aktuell, «ta opp korset», «Fø sauene mine».

Forsamling
Dei første kristne helt trufast saman, sjå Ap. Gj. 2,42: «Dei heldt seg trufast til læra frå apostlane, til fellesskapet, brødsbrytinga og bønene.» Salem ønskjer å vere ei forsamling som held seg trufast til dei same verdiane som dei første kristne.

Viktige sider ved forsamlinga: Fellesskap, inkluderande, varm og nestekjærleg, som søsken.

Tru
Den lille Bibel, Johs. ev. 3,16, uttrykker ei avgjerande sanning: «…så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.» Mennesket blir frelst og berga frå å gå fortapt ved å tru på Jesus Kristus. Den som trur, går ikkje fortapt, men har eit evig liv. Dette må forkynnast for alle alders- grupper. Forkynninga av evangeliet skapar tru i våre hjarte ved den Heilage Ande.

Viktige sider ved trua: levande, brennande, ekte, nær og personleg, oppriktig.

Misjon
Salem vil drive misjon slik det står i Matt. 28,20: «Gå difor og gjer alle folkeslag til læresveinar..». Det inneber at forsamlinga i forkynning og elles utrustar den einskilde til å ta ansvar for at fleire får høyre evangeliet, både lokalt på Moster, i eige land og utover i verda.»

Viktige sider ved misjon: døype, gjere til læresveinar, opplæring, gå til alle folkeslag.