Kva skjer

 AKTIV – ungdomslag
Facebook
Aktiv er ungdomslaget i Salem, som samlast i kjellaren i Salem annakvar laurdag kl.20:30. Her kan du som går i 8.klasse og oppover komma. Du kan gå her så lenge du vil. Her kan du møta vennene dine og kanskje og verta kjent med nokre nye. Du får og sjansen til å bli kjent med Jesus. Det er vanlegvis ein møtedel med andakt og song. Så har me ulike leikar og mange spel som ein kan spela. Av og til ser me film. Me har sjølvsagt og kiosk.

Bibel Mat & Prat
Salem har bibelgrupper frå 5. klasse og oppover. Desse kallar vi Bibel, Mat og Prat fordi det er dette vi gjer. Gruppene møtes ein time på søndagskveldane til litt ulike tider. Vi er delt inn noko lunde etter klassetrinn. Ta kontakt om du har spørsmål eller vil bli med.

Bibelgrupper
Det er fleire bibelgrupper med utspring frå Salem. Å samlast i bibelgrupper er ein fin måte å få dela både bibeltekstar, kvardagslege erfaringar, bønetema og ein kaffikopp, alt dette på ein liten og «oversiktleg» arena. Mange har og har hatt stor glede og nytte av å vera med i ei bibelgruppe. Dersom du er interessert i å delta i ei bibelgruppe, ta kontakt. Det er alltid plass til fleire i gruppene, og vert dei for store er det berre kjekt om dei må delast opp i fleire grupper 🙂

Søndagssamling og søndagsskule
To søndagar i månaden er det søndagssamling på Salem klokka 11:00. Då samlast først små og store til felles møte. Klokka 11:30 er det søndagsskule for borna i kjellaren. Samtidig fortset møtet oppe med program tilrettelagt for dei vaksne.

Søndagsmøter og andre møter
Dei andre søndagane er det anten kvelds- møte på Salem (19:00), gudsteneste i Kyrkja, eller begge deler. I tillegg er det av og til møter på andre vekedagar.

Ettermiddagstreff
Dette er eit uformelt samvær, der me legg vekt på både det sosiale og åndelege. Det er kaffi, kaker og tid til ein god drøs. Det er song, andakt og utlodding. Me er opptatt av at det skal vera ope og inkluderande for alle. To gonger i semesteret samlast me frå kl.16:30 og utover ettermiddagen.

Søtt og Salt
Facebook
Søtt og Salt er eit samarbeid mellom Sion og Salem på Moster.
Søtt og Salt er litt for einkvar smak, ein stad å møta vener og naboer.