Heim

Når blir det møte i Salem igjen?

Som de kjenner til er det no høve til å samle inntil 50 personar til offentleg møte dersom ein held minst ein meter avstand, har namneliste på dei som er samla og syter for tilgang til antibac. Etter 15. juni er det lov å samle inntil 200 personar. Styret for Salem følgjer situasjonen og vil vurdere få til ei samling før sommarferien. Vi vil foreslå for styret å vente til etter 15. juni. Dersom me får fint ver, kan vi satse på å vere ute i Amfiet og kanskje kombinere det med litt grilling sjølv om vi må passe på smittevernreglane. Vi vil kome med meir informasjon når det er lagt vidare planar.
Arne Borgemyr (styreleiar)

Vi vil ønskje deg gode vårdagar. Påskehøgtida ligg bak oss, men vi kan kvar dag leve i vissa om dette: Jesus vart ikkje verande i grava. Han stod opp den tredje dagen. Jesus sigra og vann over alle vonde makter i verda. Difor kan vi synge: «Jeg har vunnet, Jesus vant».

Bjarne Notland blir forsamlingsleiar i Salem.

Endeleg kan styret dele den gledelege nyheita med dykk at Bjarne Notland går inn i stillinga som forsamlingsleiar i Salem frå 01.08.2020 i halv stilling. De kjenner Bjarne som sjølv er valt inn i styret. Det var utenkt både for han og styret i fjor haust at Bjarne skulle søke stillinga. Men på disippelskole i Hawaii og i misjonærteneste i USA nokre månader, vaks det fram ei overtyding hos han og familien om å søke stillinga. Les meir