Alle innlegg av admin

Forsamlingsleiar

bjarne

Bjarne Notland blir forsamlingsleiar i Salem.

Endeleg kan styret dele den gledelege nyheita med dykk at Bjarne Notland går inn i stillinga som forsamlingsleiar i Salem frå 01.08.2020 i halv stilling. De kjenner Bjarne som sjølv er valt inn i styret. Det var utenkt både for han og styret i fjor haust at Bjarne skulle søke stillinga. Men på disippelskole i Hawaii og i misjonærteneste i USA nokre månader, vaks det fram ei overtyding hos han og familien om å søke stillinga.

Første året har vi avtalt 50% stilling. Bjarne har avklart at han kan halde fram i halv stilling i firmaet han no er tilsett i. Tilsetjingsutvalet har hatt fleire samtalar med Bjarne om praktiske ordningar i samband med stillinga. Vi har møtt ein person som kjenner eit kall til å tene i Guds rike i ei slik stilling, og han er ivrig etter å kome i gang med viktige oppgåver. Styret vil som arbeidsgjevar vere i jamleg nært samarbeid. I utlysinga av stillinga var følgjande tre område framheva som viktige: Forkynning og opplæring, forsamlingsbygging og ungdomsarbeid. Bjarne skal prioritere tid til dette.

Men sjølv om Bjarne skal delta på møter med tale og andaktar, skal han ikkje først og fremst vere forkynnar. Salem vil halde fram vår praksis med å nytte forkynnar frå organisasjonar og andre samanhengar. Tilsetjingsutvalet og Bjarne har eit felles mål om styrke dei verdiane styret har framheva: Bibelen og forkynninga, fellesskapet, trua og misjon. I dette ligg og utfordringar med å bygge ei forsamling som tar vare på og utfordrar barna og dei unge. Vidare må vi bevisstgjere kvarandre til å nå ut til nye menneske i nærmiljøet og i andre land med evangeliet. Hausten 2020 hadde vi Bønn som overordna tema i Salem, og i vår har vi hatt tema om Guds Ord. Til hausten har styret fastsett at vi skal fokusere på Fellesskapet.

Vi vil kome tilbake med fleire detaljar etter kvart. No ønskjer vi å oppfordre dykk til å be for Bjarne og familien.